Blå resept
Pasientar med kronisk sjukdom som treng langvarig behandling kan få legemiddel, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriale på blå resept. Ein betalar då ein eigenandel av prisen. Born under 16 år og minstepensjonistar betalar ikkje eigenandel.
Kvit resept og bidragsordninga
Legemiddel på kvit resept må ein betale heile kostnaden av sjølv. Dersom krav til bidrag etter Folketrygdloven § 5-22 er oppfylt vil HELFO dekke 90 % av de utgiftene som overstig grensa på 1600 kr per kalenderår. Det kan også vere mogleg å få til dømes utstyr til sårbehandling på bidrag dersom ein har behov for behandling i minst tre månader i løpet av eit år.
Info frå HELFO om dekking av utgifter til legemidlar og medisinsk utstyr.
Refusjonslista – database for søk over kva legemiddel som vert dekka på blå resept og eventuelle vilkår for refusjon:
www.legemiddelverket.no/refusjonslisten