Sjukehusapoteka Vest HF kan også tilby mange
apotektenester, som til dømes ekspedering av resepter, tilvirkning av sterile legemiddel og leveranse av legemiddel til sjukehus. Du kan lese meir om disse tenestene under "Våre apotek"
Sjukehusapoteka Vest HF kan tilby mange ulike tenester til helseføretaka. Nokre av desse er også aktuelle i dei kommunane der vi har avtalar. Dei ulike tenestene er omtala nedanfor.Apoteka leverer allereie i dag fleire av tenestene på ulike nivå i dei forskjellige heleføretaka.
Kven som utfører tenesta og frå kva avdeling kan variere frå apotek til apotek
Er du interessert i nokon av desse, ta kontakt med apotekaren ved ditt lokale sjukehusapotek.
Kvalitetssikring av legemiddelhandtering
- Gir råd om legemiddelanskaffingar, -bruk, -produksjon, -forbruk.
- Utarbeider retningslinjer for legemiddelhandtering.
- Utfører kontroll av narkotikaoppgjer.
Legemiddelrevisjon
- Ei systematisk kartlegging av einingas legemiddelhandtering for å sikre at lovar, reglar og interne prosedyrar følgjes.
Undervisning og informasjon om legemiddel
- Bidrar til kompetanse i helseføretaka.
Legemiddelgjennomgang
- Kartleggar pasientens sine legemiddel ved innlegging eller under opphald i tenesta.
- Vurderer potensielle legemiddelrelaterte problem.
Legemiddelsamtalar og utskrivingsservice
- Gir råd om korleis pasienten skal bruke sine legemiddel
- Sørgjer for at pasienten har nødvendige legemiddel med seg heim.
- Tilvirke spesiallaga legemiddel til heimebehandling.
- Etablerer kontakt med primærhelsetenesta og sikrar oppfølging.
- Sender legemiddel heim til den enkelte pasient.
Apotekstyrt legemiddellager (ASL)
- Inneber at avdelinga og farmasøyt utarbeidar eit standardutval av legemidlar, som apoteket etterfyller.
Dette fører til:
- Reduserte legemiddelkostnadar.
- Auka kvalitet i legemiddelhandteringa.
- Betre styring og oversikt i beredskapssituasjonar.
- Frigjort tid for sjukepleiar til andre oppgåve i avdelinga
LIS-arbeid og anna innkjøp
- Kvart helseføretak har ein LIS – kontakt, som:
- Er kontakten mellom LIS og helseføretaket.
- Følgjer opp legemiddelavtalar dagleg.
- Implementerer nye avtalar raskt.
Logistikktenester
- Vi kan hjelpe til å skaffe legemiddel som normalt ikkje er i bruk i Noreg
Kliniske utprøvingar av legemiddel
- Oppbevaring og utlevering av legemiddel til klinisk utprøving.
- Standardisert utlevering, informasjon og dokumentasjon.
Tilsetningsservice
- Leverer legemiddel ferdig til bruk til den enkelte pasient.
- Kvalitetssikrar og eliminerar feilkjelder ved klargjering og administrering.